Årets julegåve samlar familien

Publisert 17.12.2020 12:57, oppdatert 18.12.2020 15:13 - Ole J. - tips@stottmedia.no

Annonsørinnhold

Årets julegåve samlar familien

Er du opptatt av å handle lokalt, men utan å vite sikkert kva du skal gje i gåve? Her er løysinga: Anten eit hyperlokalt puslespel eller ditto kortstokk. Begge er med på å samle familien. 

  

Det er Støtt Media i Førde som står bak Førde-kortstokken og puslespelet. Firmaet lagar også puslespel med motiv frå Florø, Gaupne, Nordfjord og Sogndal. Det har vore ein knallsuksess, og no står juleinnspurten for døra. 

- Responsen har vore god, seier Stian Solheim og Frode Hjelmeland som har fått brikkene til å falle på plass for det vesle Førde-firmaet. Det har vist seg at folk på dei små stadene som ikkje er heidra med sine eigne puslespel har sett stor pris på å sjå bygda i tusen eller 1500 bitar, før alt fell på plass, seier dei to gründarane. 

Både kortstokken og puslespelet er eit produkt av gode lokale krefter og lokale fotografar. 

- Kortstokken er prega av 52 forskjellige motiv frå ulike stader i Førde. Vi meiner sjølv at det har blitt eit vakkert resultat, seier Hjelmeland og Solheim. 

Smittande smil

Rodrigo Elgueta, Hedda Vatne Slotterøy og Henriette Kalstad Hjelmeland er Støtt Media sine ambassadørar på Elvetorget i Førde. Dei tek imot kundane med eit svært smil som smittar over til og med på dei mest stressa julegåvekjøparane. 

førdeby2

No skal det seiast at vår påstand om å samle familien kan ha nokre svakheiter. Hos nokre ligg konkurranseinstinktet så langt framme i pannebrasken at eit slag kort kan vere øydeleggande for familiefreden. Støtt Media fråskriv seg alt ansvar for eventuelle familiefeider i kjølvatnet av eit irriterande tap rundt kortbordet. 

Gode kort på handa

Til den som har alt, frå den som manglar inspirasjon. Det er alltid vanskeleg å finne den perfekte julegåva til eit familiemedlem eller ein ven. Med lokale gåver er du sikra suksess, Førde-stokken gir deg umiddelbart gode kort på handa. Men skulle du vere ein dårleg tapar, kan det vere lurare å handle puslespel enn kortstokk...

For å kjøpe årets julegåve, må du legge turen innom Elvetorget. 

- Det er for seint å ta sjansen på å sende gåver i posten og garantere at dei er framme før jul, så vi er å finne på standen i Elvetorget fram til vesle julaftan, seier Solheim og Hjelmeland.

Les også