Kommuneslagord - ei eventyrleg reise i visjonar og verdiar – eller berre svada?

Publisert 03.12.2020 09:53, oppdatert 03.12.2020 09:57 - Ole J. - tips@stottmedia.no

Kommuneslagord - ei eventyrleg reise i visjonar og verdiar – eller berre svada?

Alle kommunar med respekt for seg sjølve må ha visjonar, verdiar – og gjerne eit slagord. Oftast resulterer det i ei pompøs setning som har kostet kommunen hundretusenvis av kroner. Her frå Fjaler: Fjaler – ein kommune midt i verda.

  

Kommunesamanslåinga har trimma mange lattermusklar i jakta på slagord og visjonar.  Vi skal her presentere nokre av dei beste.

Sunnfjord sin visjon:  Saman blir vi drivande gode.

Sunnfjord sine verdiar: Vi er EIN (engasjert, inkluderande og nær). For ein nynorskkommune er det kanskje litt utanfor blinken å lande på engasjert og inkluderande som strengt tatt er framandord..

 

Kinn – dette blir ein fest

Det var forslaget til ein bekjend, kanskje var det Kinn Bryggeri som var inspirasjonen til slagordet for landets merkelegaste kommune.  

Det er vanskeleg å finne nye Kinn sitt slagord, difor tek vi kontakt med den samanslåtte, men delte kommunen.

På sentralbordet i landets raraste kommune får vi svaret:

-          Vi har ikkje definert dette heilt, men er i ein prosess. Førebels bruker vi uttrykket «Handlekraft på kysten».

 

Bremanger, som deler Kinn kommune i to, slår fast at dei er «Trivselskommunen ved havet».

Askvoll? «Rom for eventyr».

Aurland: «Det naturlege valet»

Hyllestad: «Inkluderande og attraktiv»

Høyanger: «Elv, kraft, vatn»

Vi må ta med Karmøy, sjølv om den ikkje er i nedslagsfeltet vårt: «Karmøy kommune – kommunen som vil at du skal lykkes»

Heller ikkje Larvik fortener å sleppe unna. Her er det deira resultat av konsulentar og idemyldring: «Larvik – der det gode livet lever»

Løten ser seg sjølv som eit naturleg sentrum. Dette landa Løten på: «Midtpunkt med mangfold»

Molde er på jakt etter nytt slagord. Det skal erstatte «Molde – stikker seg ut». Om Rosenes by har landa på eit nytt og fengande uttrykk, veit vi ikkje.

Men onde tunger frå Romsdal har kome med forslag som: «I ska ha» og «Alt skal hit».  

Har din kommune brukt altfor mykje pengar på konsulentar som til slutt har kome med det vi til sjuande og sist kan kalle SVADA? Tips oss!

Les også