Vil ikkje handsame barnevernssak

Publisert 17.12.2020 11:03, oppdatert 17.12.2020 11:03 - Ole J. - tips@stottmedia.no

Vil ikkje handsame barnevernssak

Den norsk-rumenske familien vart fråteke foreldreretten over sine fem born av barnevernet i Naustdal, men vann fram og fekk borna tilbake. Dei klaga barnevernet inn for menneskerettsdomstolen i Strasbourg, som no har avvist saka. 

  

Familien flytta til Romania, og møtte difor ikkje opp i tingretten då saka skulle opp i 2017. Dette er noko av grunnen til at domstolen i Strasbourg ikkje vil handsame saka. Den burde vore gjennom det norske rettsystemet før ei eventuell sak i Strasbourg, heiter det i avslaget. 

Torer ikkje kome til Norge

Familien var ein del av pinseven-miljøet i Naustdal etter å ha konvertert. Dei var anklaga av barnevernet for å bruke vald mot borna, men ein psykolograpport som stilte barnevernet i dåverande Naustdal kommune i eit svært dårleg lys sørga for at foreldra fekk ungane tilbake frå fosterfamiliane dei var plasserte i. 

Saka skulle opp i tingretten i Norge, men familien dukka aldri opp. Dette grunngav dei med at dei ikkje torte å reise til Norge med barna. 

Dei klaga i staden saka inn for menneskerettsdomstolen, som no har avvist foreldra sitt ønske om å få handsama denne. 

Familien bur framleis i Romania, og opplyser at borna har det godt, sjølv om dei saknar familien i Norge, uttaler dei til NRK. 

Les også